Nevrokirurgi i Malawi – OUS er med!

 

MalawiOR.jpg
NY OPERASJONSSTOVE: Queen Elizabeth Central Hospital i Malawi. Foto: OUS

 

Gjennom fem år har Oslo universitetssjukehus, Fredskorpset og sjukehuset Queen Elizabeth Central Hospital hatt eit tett samarbeid for å skipa den fyrste nevrokirurgiske avdelinga i Malawi. Utveksling av personell har vore ein sentral del av prosjektet. Så langt har meir enn 20 helsearbeidarar frå Malawi gjesta OUS for å læra korleis ein tek hand om pasientar etter ein hjerneoperasjon. I den same perioden har like mange norske spesialistar har vore rådgjevarar ved sjukehuset i Blantyre.

Tekst og foto: Haldor Slettebø, Nevrokirurg, Nevrokirurgisk avd. OUS Rikshospitalet. Foto: OUS.

For nokre år sidan fekk den unge malawiske medisinaren Patrick Kamalo ein son med vasshovud (hydrocephalus). Han forstod raskt at barnet måtte få operert inn eit dren for å unngå hjerneskade.

Haldor Slettebø-800px
PROSJEKTLEIAR: Haldor Slettebø, Nevrokirurg, Nevrokirurgisk avdeling, OUS

 

Slikt tilbod fanst ikkje i Malawi den gongen. Difor måtte han ta med seg guten til ein klinikk i Uganda. Inngrepet vart gjort i tide, og resultatet vart godt.

Men faren tenkte at også andre malawiske born med vasshovud burde få hjelp.

Difor tok han tilleggsutdanning i Sør-Afrika og vart nevrokirurg.

Kva er nevrokirurgi?
Høgt trykk i hjernen kan skriva seg frå væskeopphoping, blodansamlingar, svulstar eller infeksjonar. Ein nevrokirurg har lært seg å opna skallen, fjerna det som trykkjer og handtera den sjuke hjernen med varsemd. Det kan berga mange liv og redusera invaliditet slik at hjernesjuke kan bli sjølvhjelpne. Difor treng verda nevrokirurgar. I Afrika er nevrokirurgi og annan kirurgi mangelvare. Dei har berre 0,1 nevrokirurg pr. million innbyggjarar, medan Noreg har over 100 gonger så mange.

operasjonMalawi
OPERASJONSSTOVE I MALAWI: Nevrokirurg Patrick Kamalo opererar. Foto: OUS

 

Patrick Kamalo vende så tilbake til heimlandet for å byggja opp faget nevrokirurgi i Malawi. Det var ei stor oppgåve i eit av verdas fattigaste land.

Han tok difor kontakt med avdelingsleiar Sissel Reinlie ved Oslo universitetssykehus for å få hjelp med utstyr og utdanning av personale. Etter eit par møte og nokre lange flyturar vart det skipa eit felles prosjekt.

Ny operasjonsstove

For tre år sidan kunne det malawiske sjukehuset ta i bruk ei velutstyrt operasjonsstove og verdas minste nevrokirurgiske sengeavdeling. Sidan har aktiviteten auka jamt og trutt.

Talet på nevrokirurgiske operasjonar er dobla på fire år, frå 200 i året til 400 operasjonar i inneverande år.

Dei to lækjarane Sithembile Chimaliro og Leonard Chafewa skal spesialisera seg til å verta nevrokirurgar. Foto: Queen Elizabeth Central Hospital.

Utdannar seg til nevrokirurgar

I desse dagar gjer prosjektet endå eit steg framover. To lækjarar blir dei fyrste til å spesialisera seg i heimlandet. Det er den unge kvinna, Sithembile, og kollegaen hennar Leonard.

Frå årsskiftet tek dei til med seks års utdanning for å bli nevrokirurgar. Dei vil få rettleiding frå den einaste malawiske nevrokirurgen, Patrick, med god hjelp frå gjestenevrokirurgar frå OUS og frå andre sjukehus.

Og frå 2025 vil Malawi ha ei lita, men sjølvgåande og bærekraftig nevrokirurgisk avdeling ved Queen Elizabeth Central Hospital.

Oslo universitetssjukehus (OUS) har sidan 2013 samarbeida med Queen Elizabeth Central Hospital (QECH) i Blantyre, Malawi. Samarbeidet starta med utveksling av sjukepleierar og legar innan nevrokirurgi, før det hausten 2016 vart utvida med barnekirurgi.

Du finn meir informasjon om prosjektet på Oslo universitetssjukehus sine heimesider.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s