Hjartebarna og dei resistente bakteriane

Far holder hånden til baby

Tekst: Heine Århus, forelder til barn med medfødt hjertefeil og medlem i Brukerutvalget ved OUS.
Foto: Shutterstock og Heine Århus.

For dei fleste nybakte foreldre kjem det som eit sjokk at dei har fått ein unge med alvorleg hjartefeil. Barnet ditt som umiddelbart må fraktas til Rikshospitalet for å få utført operasjon.

Det blir ikkje betre når foreldra og får vite at barnet sannsynleg må ha fleire operasjonar gjennom barne og ungdomstida. Å få eit barn med alvorleg hjartefeil er ein stor påkjenning for nybakte foreldre som derfor oppleve mange kritiske augneblink.

Som aktiv i Foreningen for hjertesjukebarn og far til ei jente som no er 26 år, har eg vore gjennom endel av dette.

Kva ville du ha gjort om du hadde vore foreldre til eit nyfødt barn med alvorleg hjartefeil og i tillegg fått vite at det er problem med antibiotika resistente bakteriar på norske sjukehus?

Du ville trulig blitt svært redd for det du og barnet måtte gjennom.

Konsekvensar av resistens for hjartebarna

I dag overlever 85-90 % av dei som er født med hjartefeil til vaksen alder. Antibiotikaresistens vil kunne redusere overlevelsen til barn født med hjartefeil. Det vil og oppstå fare for dei som er operert om dei skulle få infeksjonar i kroppen sidan immunsystem er nedsett og fare for betennelsar i hjarte.

Ein del av hjartebarna står også i donorkø og ventar på nytt hjarte når deira er utsliten og ikkje fungerer lenger. Dei vil sannsynleg ikkje få tilbod om hjartetransplantasjon sidan risikoen  og overlevingsgraden vil bli liten.

Heine Århus copy
Heine Århus

Det har inntil nokre år sidan vore prosedyrar på at hjertebarna må ta antibiotika når dei skal gå til tannlegen fordi det oppstår blødingar i munnen og fare for infeksjonar. Denne prosedyren er endra og hjartebarna skal ikkje ha antibiotika utan at det er større inngrep som skal gjerast.

Men hjartebarn og foreldre blir usikre når dei går til tannlegen og ynskjer å vere sikker på at det ikkje oppstår komplikasjonar. Mange ringer derfor hjartelegen sin på Rikshospitalet og spør kva dei skal gjere.

Det er viktig at hjartebarna ikkje bruker unødvendig antibiotika, men dei har ein større risiko for infeksjonar enn andre og ynskjer å vere på den sikre sida.

Kvart år blir det født mellom 500 og 600 barn som har medfødt hjartefeil i Norge. Omlag halvparten av barna har ein feil som er så alvorleg at dei treng eit kirurgisk inngrep for å rette feilen. For den andre halvdelen har dei feil som kan rette seg sjølv eller det er så lite at dei kan leve med feilen utan store konsekvensar.

I dag er det omtrent 9000 barn i Norge under 18 år som lever med medfødt hjartefeil. Det vil sei nesten ein prosent av alle barn som blir født i Norge kvart år har medfødt hjertefeil. I dag overlever dei fleste hjertebarna og får eit langt liv på grunn av operasjon og medisinsk behandling.

Utan antibiotika som verker vil ein ikkje kunne operere barn med hjartefeil.  

Dette må gjerast

Skal me kunne hjelpe hjartebarna og andre som er avhengig av å ha tilgang til antibiotika, må den totale bruken av antibiotika i verden ned. Det bør ikkje vere så lett å få antibiotika til sjukdomar som kan kurerast på andre måtar.

Sjukehusa må få betre rutinar på handtering av antibiotika og redusere unødvendig bruk. Dei må og få betre rutinar på å sjekke pasientar som vert lagt inn på sjukehuset så dei ikkje dreg med seg antibiotikaresistente bakteriar. Som ei rutine bør alle som har opphalde seg i land med mykje resistens bør testast før dei vert lagt innpå sjukehus.

Dette handlar også om hygiene og reinhald både på og utanfor sjukehusa. Dersom betre reinhaldsrutinar på sjukehusa kan hindre smitte bør dette verta eit viktig satsingsområde.

Mange vil truleg sei at det hjelper ikkje kva eg gjer sidan det er så mykje antibiotika på avvegar i heile samfunnet.

Alle må bidra for å redusere bruken av antibiotika, dersom det skal virke den dagen du treng det.

Det er også utfordringar i matproduksjonen med husdyr og innanfor fiskeoppdrettsindustrien, der det har vore brukt antibiotikaliknande stoff i foret til fisk og enkelte kjøtt produserandenæringar. Det skal ikkje brukast antibiotika i foret til fisk og husdyr for å fremja veksten til dyra, dersom me skal få bukt med antibiotika resistens.

Det er berre utvikla 3 nye antibiotia medisiner på dei siste 30 åra, dette er forskremmande lite. Det må satsast mykje på forskning og utvikling av nye typar antibiotika. Her må staten vera med å hjelpe til så den farnasøytiske industrien kan gjere jobben dei er gode på, å gjere kliniske forsøk så det forskarane finn som nye antibiotia kan gjerast om til godkjente medisiner.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s